- +
- +
- +
- +

Sikre deg rom til årets Balejazz

Vil du vakne opp til fjordutsikt og festivalstemning under Balejazz? Bruk koden BALEJAZZ25 når du bestiller rom, og få ei oppleving heilt i takt med musikken. Etterspurnaden er stor, så bestill no for å sikre deg din plass.

Kviknes Hotel er kåra til
Best Historic Resort Worldwide

Prisen er ei anerkjenning til dei finaste historiske hotella i verda og deira innsats innan bærekraft, markedsføring, historie og lokasjon.

Me takkar alle samarbeidspartnerar og gjester som har vore med på å nå denne milepælen i vår familie si lange historie.

Nedteljinga har starta - me opnar dørene 1.april

Me gler oss til å ta imot nye og kjente gjester på Kviknes Hotel.

Enten du kjem attende til din faste plass ved frukostbordet, eller besøker oss for aller første gong – du er hjarteleg velkomen frå 1. april. Me ser fram til ein ny sesong med gode middagar, rolege morgonar og vårdagar i hotellhagen

Aktuelt