Legg påskeferien til Kviknes Hotel
Når våren kjem til Balestrand, vaknar fjorden og fjella til liv. Dagane blir lysare, lufta mildare, og landskapet skiftar fargar. På Kviknes Hotel kan du oppleve denne spesielle tida på sitt aller beste – med storslått utsikt, smakfull mat og ei ro som gjer godt for både kropp og sjel.
Frå hotellet har du kort veg til vakre skogsstiar, der du raskt kjem opp i høgda og kan nyte panoramautsikt over fjorden. Det er noko heilt eige med våren her – lyset, lufta og den stille vakre naturen gjer det lett å finne roen.
Fjordeventyr med RIB-båt
For dei som ynskjer litt meir fart og spenning, går RIB-båtane på fjorden denne påska. Kjenn vinden i ansiktet medan du glir gjennom fjordlandskapet, omgitt av stupbratte fjell og glitrande vatn. Det er ei oppleving som verkeleg gir påfyll av energi.
Smaken av påske på Kviknes
Ingen påske utan god mat! Kokken på Kviknes Hotel har sett saman ei smakfull påskemeny inspirert av dei beste råvarene sesongen har å by på. Nyt gode smakar i ærverdige omgjevnader og ta innover deg stemninga av påske ved Sognefjorden.
Bestill ditt opphald no og gjer deg klar for ei påske fylt med naturskjønne opplevingar, god mat og ekte kvile.
1.april opnar me dørene for sesongen - me gler oss til å ønskje deg velkommen!