Alt du som reiseoperatør treng å vite om Kviknes Hotel

Kvalitet, tradisjon og atmosfære

Vakkert plassert ved Sognefjorden i Balestrand finn du Kviknes Hotel. Her strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Hotellet vart reist i sveitserstil, og har behaldt sitt særpreg sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 200 rom eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil. Kviknes es no eit moderne hotell med gammaldags sjarm og atmosfære.

Lista over prominente gjester ved Kviknes Hotell er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. I tillegg er kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land å finne på gjestelista.

På Kviknes Hotel legg me stor vekt på kulinariske opplevingar. Lokale råvarer vert brukt så langt det let seg gjere, og Sognefjorden er eit eineståande spiskammers. Vinlista vår er den største og mest varierte i Sogn.

Våre rom

Den moderne bygningen frå slutten av 1960-tallet har 8 etasjar og 165 rom. Det er heis til romma. Romma er halde i 1960/70tals -stil. Den historiske bygningen frå slutten av 1800-tallet er halde i ein meir tradisjonell stil. Det er ingen heis i den historiske bygningen.

Me har for 2024 gjort romkategoriane våre meir detaljerte for å beskrive romma våre enno betre:


Kulinariske opplevingar

I Spisesalen serverer me frukost og middag. Vår frukost er ein innhaldsrik frukost buffé med kalde og varme rettar.

Til middag serverer med standard middag, som enten vårt segnomsuste koldtbord med varme og kalde rettar eller 3 retters meny avhengig av kor mange gjeste me har på huset) eller 4 retters meny.

Me serverer lunsj i Spisesalen på førespurnad. I resepsjonen har me Balholm Bar & Bistro der me tilbyr bar meny.

Pusterom

Ta deg eit lite pusterom ved å rusle gjennom salongane og nyte godt av alt den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Nyt naturen, fjella og Sognefjorden frå ein godstol i hotellhagen. Eller du kan gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år.

Den spesielle atmosfæren på Kviknes Hotel i Balestrand får du med på kjøpet!

Kviknes Hotel ligg i sentrum av Balestrand, ei vakker og frodig vestlandsbygd midt i verdas vakraste eventyr! Her strekkjer tre fjordarmar seg vidare inn i landet, med små grender som perler mellom fjord og fjell. Med si sentrale plassering ved Sognefjorden har Balestrand heilt sidan slutten av 1800-talet teke godt i mot gjester frå inn- og utland. Her kan du slappe av i fred og ro, gå på utstillingar, vere med på fjordcruise, fiske i fjorden eller gå på fjelltur. Det bur like under 1000 sjeler i Balestrand.

Opningstider

Me opnar 2. april 2024 og er opne til og med 31. oktober 2024. I 2025 planlegg me å ha ope 1. april til og med 31. oktober. I perioden utanfor kan vi halde ope på førespurnad for grupper. Kontakt oss gjerne om du er interessert i å sal av grupper i desse periodane.

Aktivitetar og attraksjonar i Balestrand

Kviknes Hotel er ein hyggeleg stad å komme for å lade batteri og kjenne at ein lever. Våren og hausten er flotte periodar til å besøke Balestrand. Vi har eit stort nettverk av naturstiar, med 20 godt markerte løyper med varierande vanskegrad, frå enkle turar til dei meir krevjande med guide.

  • Balestrand Adventure gir deg god informasjon om aktivitetar i Balestrand og bistår deg med med planlegging og reservasjonar. Dei organiserer alt frå guida kajakkturar, RIB-turar og cidersmaking, til sykkelutleige, fjellturar og fjordcruise.

  • Det er to selskap som tilbyr fiske i fjorden i Balestrand; Balestrand Fjord Angling og Dripfiske.

  • Ciderhuset ligg ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel. Ciderhuset sitt merke,Balholm, produserer drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap. På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis dei destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten. 

  • Norsk Reiselivsmuseum ligg vegg-i-vegg med oss, og er vel verdt eit besøk.

  • Det er òg Sognefjord Akvarium.

  • Den flotte St. Olafs Kyrkja ligg berre ein kort spasertur frå hotellet. Disney meinte kyrkja var så flott at ho vart inspirasjon til filmen Frost (2013).

Nøl ikkje med å ta kontakt om de treng meir informasjon om aktivitetar og opplevingar i området.

Den perfekte base

Balestrand er den perfekte basen for å oppleve den store variasjonen av spennande attraksjonar og aktivitetar i dette flotte området. Du kan besøke Fjærland og Bremuseet, den nye Utsikten på Gaularfjellet, Flåm og Flåmsbana, Urnes stavkyrkje og Breheimsenteret i Jostedalen for nemne nokre få. Du finn full informasjon om det vakre området vårt på; www.sognefjord.no.

Fotobank og inspirasjon

Bli inspirert av desse vakre videoane frå området vårt:

Informasjon om Balestrand og regionen vår:

Oppdatert fotobank for Kviknes Hotel

Her finn du vår grafiske profilhandbok.

Kontakt oss - så hjelper vi deg

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller om vi kan hjelpe på nokon måte!

Kontakt oss på booking@kviknes.no, eller ring oss på 67 69 42 00.