Våre rom

Dei fleste av våre rom er lokalisert i det ”moderne” bygget frå 1965. Her finn du nyoppussa og komfortable rom, dei fleste med balkong og fin utsikt. I det historiske bygget ligg våre demisuiter og rom med fjordutsikt.

HISTORISKE BYGGET

Demisuiter med fjordutsikt

Våre demisuiter i det historiske bygget er alle unike og av ulik karakter. Nokre av romma ligg i tverrfløyen mot aust, andre ligg i fronten av Sveitserbygget. Dei fleste har balkong og alle har spektakulær utsikt mot Sognefjorden.

HISTORISKE BYGGET

Rom med fjordutsikt

Romma i det historiske bygget er alle unike og med ulik karakter. Nokre av romma ligg i tverrfløyen mot aust, andre ligg i fronten av Sveitserbygget. Dei fleste har balkong og alle har spektakulær utsikt mot Sognefjorden.

MODERNE BYGGET

Rom med utsikt

Romma i det moderne bygget er av to typar. Alle romma har balkongar. Dobbeltromma, med eiga sittegruppe, ligg mot vest og har utsikt til fjorden, bygda og St. Olafskyrkja i tillegg til Raudmelen. Nokre av romma har queen-senger.

MODERNE BYGGET

Standard rom

Standardromma i det moderne bygget er av to typar og ligg i dei lågare etasjane. Dei fleste romma har balkong. Dobbeltromma, med eiga sittegruppe ligg mot vest og har delvis utsikt til fjorden, bygda og St. Olafskyrkja i tillegg til Raudmelen. Nokre av romma har queen-senger.