Bestillingsvilkår

Her finn du generelle betingelsar for bestillingar og vilkår for betaling hjå Kviknes Hotel. Nøl ikkje med å ta kontakt med oss på:
telefon 57 69 42 00
e-post: booking@kviknes.no
om du har spørsmål. Betingelsane gjeld alle reservasjonar hjå oss, inkludert bookingar gjort via våre heimesider og bookinger som gjort via tredjepart.

1. BESTILLING

Antal personar, pris, losji, samt øvrige produkt og tenester som skal leveres av hotellet framgår av bekreftelsen gjesten mottek via e-post etter bestilling.

2. PRISAVTALENS GYLDIGHET

Dei avtalte prisar er bindande for begge partar. Prisane er gitt på bakgrunn av dagens avgiftsbestemmelsar. Hotellet forbeheld seg retten til å føreta justeringar i prisane som fylgje av økte kostnader ved innkjøp av varer og tenester, auka skattar og avgifter eller ved andre høve utanfor hotellet sin kontroll.

3. ENDRING OG AVBESTILLING

Kva avbestillingsreglar som gjeld for din bestilling, er avhengig av kva type booking du har gjort. Kontroller kva reglar som gjeld for din bestilling i reservasjonsbekreftelsen du har motteke fra oss.

Fleksibel: Bestilling av rom til fleksible prisar kan endrast eller avbestillast kostnadsfritt fram til avbestillingsfristen som står i reservasjonsbekreftelsen. De vil få skriftleg bekreftelse på avbestillinga. Ved manglande oppmøte, endring eller avbestilling etter fristen vil du bli belasta eit beløp tilsvarende 1 natts opphald for kvart bestilte rom.

Ikkje refunderbar: Bestillingar av rom til ikkje refunderbare tilbudsprisar kan ikkje avbestillast – men ein kan endre dato ved å ta direkte kontakt med hotellet.. Ved manglende oppmøte vert det ikkje gitt refusjon. Det kan være lurt å ha en reiseforsikring som dekkar avbestillingar, i tilfelle du må kansellere.

3.1. Garanti for bestilling

Alle bestillingar skal på førehand være garantert via firmaavtale, reisebyrå eller eit kredittkort.

3.2 Avtalebookingar

For bestillingar gjort av kundar med ein avtale med Kviknes Hotel gjeld bestillings-/avbestillingsreglane som er fastsatt i kontrakten.

4. BETALING

Betaling vert gjort ved avreise om ikkje anna er avtalt på førehand. Kredittkort blir autorisert ved ankomst som en garanti på betaling.

4.1 Kredittkort

Kviknes Hotel aksepterer betaling med kort frå fylgjande kredittkortselskap: Visa, MasterCard, American Express, Diners og Eurocard. Dette gjeld òg for bestilling via våre nettsider.

4.2 Fakturering

Fakturering skal væra avtalt på førehand, i forkant av opphaldet.

5. INN- OG UTSJEKK

Vi garanterer innsjekk frå kl. 15.00 ankomstdag og hotellrommet må forlatast innan kl. 12.00 avreisedag.

6. PERSONVERNERKLÆRING

Sjå eiga side for Kviknes Hotel AS si personvernerklæring.

7. FORCE MAJEURE

Kvikes Hotel As påtek seg ikkje ansvar og vil ikkje betale erstatning der leveranse av våre tenester og forpliktelsar vert hindra eller vert påvirka direkte eller indirekte av eller som resultat av force majeure. Dette gjeld også omstende utanfor vår rimelege kontroll. Inkludert, men ikkje avgrensa til, flom, jordskjelv, ekstreme ugunstige forhold, naturkatastrofar, terrorhandlingar, brann eller svikt i elektrisk kraft, gass, vatn eller andre brukstenester, anleggsmaskiner, datamaskiner, kjøretøy eller kollaps av bygningskonstruksjonar.

8. VERNETING

Alle tvistar som måtte oppstå mellom partane i denne avtalen, (gjesten og hotellet), skal behandlast etter norsk rett. Dersom ikkje tvisten vert løyst i minnelegheit skal hotellet sin eigedoms verneting gjelde.

9. GENERELLE BETINGELSER

Det vert for øvrig vist til dei generelle betingelsane som kjem fram på bookingbekreftelsen.