Opplev Balestrand og Sognefjorden i haust
Sjeldan viser fjella som omkransar Balestrand og Esefjorden seg frå ei vakrare side enn når hausten gjer sitt inntog. Dei klare fargane og den friske lufta inviterer til vandring i både skog og høgfjell.
Kva med å å kombinere turar i fjellet med kulinariske mat- og vinopplevingar og ei god natts søvn?
Smaken av haust på Kviknes Hotel
Maten på Kviknes Hotel er ein viktig del av opplevinga. Me omfamnar sesongens råvarer og serverer deg smakar du seint vil gløyme.
Sjøkreps frå Sognefjorden
Lammeskank
Kake med honningbær frå Fresvik
Haustens vakraste fjellturar
Like utanfor dørstokken til Kviknes Hotel finn du eit rikt utval turstiar. Enten du ønskjer å utforske luftige toppar i haustens friske fjelluft, eller vil vandre stille gjennom frodige skogsløyper er utvalet stort.