Folkeuniversitetet held kurs på Kviknes av éin god grunn

- Kombinasjonen av toppmoderne kurslokale og vakre, historiske omgivnadar.

- Dette er ein unik kombinasjon. Lokala der ein held førelesningar og kurs er noko anna enn der ein oppheld seg når kurset er ferdig. Ein slik kombinasjon gjer at ein kan finne roen, fortel Reidar Brandsberg, salssjef i Folkeuniversitetet Vestlandet.

Som ein organisasjon med formål om å bringe utdanning til allmenta, er dei opptekne av å nytte lokale som egner seg godt for læring. Dei må ha gode møbel, rom for grupper på 20 til 25 personar og ha teknisk utstyr for å halde gode førelesningar.

I tillegg treng dei ein plass deltakarane som skal overnatta kan slappa av og finna roen. Og inspirasjon til neste dag.

- Her får ein begge delar. I tillegg er maten god og vertskapet veldig hyggeleg og hjelpsame. Alt er så greitt lagt til rette, fortel Brandsberg.

Omgivnader med mykje historie

Hotellet i Balestrand har ein lang historie. Gjennom fire generasjonar har Kvikne-familien drive hotellet. Dei har husa statsministrar, kongelege, keisarar, fotografar og kjende kunstnare frå heile verda. Esefjella bak hotellet seiast å vere det mest mala fjellet i Noreg, med maleri som heng både på på Slottet og i Nasjonalgalleriet.

- Ein er omringa av nasjonalromantiske skattar. Eg blir aldri lei av å berre gå rundt på hotellet og sjå, fortel Brandsberg.

Moderne lokalar til kurs og konferansar

Folkeuniversitetet har køyrt kurs og utdanning på Kviknes Hotel i fleire år, blant anna psykologifag på 15 og 30 studiepoeng, og studium innan filosofi og leiing.

- Tilbakemeldingane frå deltakarane er unisont veldig gode. Det å ha kurs og utdanning i slike historiske omgjevnadene er noko heilt eige. Dei nye konferansefasilitetane er veldig bra og vi føler at personalet bryr seg. Dei er til stades for oss når vi treng dei. Kort summert er vi veldig godt nøgd med Kviknes Hotel, fortel Brandsberg.

Deltakarane kan komme til Balestrand med hurtigbåt, buss eller bil og blir tatt godt hand om. I tillegg har dei den vakre naturen ved Sognefjorden - rett utanfor døra. Kviknes Hotel tilbyr lokale som passar for små møter til større konferansar på opptil 450 personar.

Kviknessalen vart bygd i 2007 og inneheld det siste av teknisk utstyr. Saman med historie heilt tilbake til 1877, lokal mat, ein rikhaldig vinkjellar og eit stort utval kursaktivitetar, er det fleire grunnar til å leggje din neste konferanse til Kviknes Hotel.

Ta kontakt om du vil vite meir.

Sjå våre konferansepakkar her!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Opplev vakre Nærøyfjorden på tur til Flåm

Neste
Neste

Utsikten på Gaularfjellet gir deg eit skikkeleg sug i magen