Fantastiske opplevingar på to hjul
Opplev fjord og fjell direkte frå sykkelsetet med dei spektakulære rutene til Hubriding og De Historiske.
Hubriding er eit konsept der du bur på hotell og opplever nye og spennande ruter kvar dag. Konseptet omfattar “Bikers welcome”, vaskefasilitetar, tørkemoglegheiter, sikker parkering og utlån av verktøy. Sikre deg ei oppleving med inntryk du seint vil gløyme.
Her er rutene som tek deg innom Kviknes Hotel
Fjord og Fjell - den kortaste ruta, men like full av fantastisk natur og store opplevingar.
Gaularfjellet og fjordgløtt - ei naturskjønn reise gjennom høgfjell og langs fjordar - med kulturelle og kulinariske stopp i Balestrand og Høyanger.
Sognefjorden - ein rundtur langs Sognefjorden.
Høyanger - ruta startar med 50 minuttar køyring til Nordeide kai, med ferge over Ortnevik.
Aurlandsfjellet - ruta tek deg over to flotte fjellovergangar; Vikafjellet og Aurlandsfjellet.
Fjærland - Turen startar med å køyre rundt Esefjorden, for så å setje kursen mot Gaularfjellet og Utsikten.
Turtagrø - Turen tek deg langs Esefjorden , i retning Dragsvik og vidare innover mot Solvorn og Urnes.
Sande - Turen går langs Sognefjorden til LAvik og vidare på smale og svingete vegar til Leirvik, Salbu og Hellevik.
Kysten - Kystruta er mellom dei lengste rutene, men allikevel ikkje så utfordrande å køyre.
Fjord og fjell 2 - Dette er vår desiderst lengste rute - den er ikkje spesielt teknisk eller vanskeleg å køyre, men byr på flotte opplevingar og fjellovergangar.
Kva er Hubriding?
Hubriding er eit konsept tilpassa alle reiseentusiastar. Konseptet tilbyr det beste ein kan ønskje seg på ei utflukt. Alle rutene er dagsturar og er sett saman basert på kartstudie og prøveturar i nokon av dei mest spennande områda du kan finne. Konseptet inkluderer tilrettelegging av tenester som utsøkt mat og spennande aktivitetar, reinhald og grunnleggjande vedlikehald, moglegheit for å tørke utstyr, lunsjpakker og tilgang til teknisk utstyr om naudsynt.
Her finn du fleire forslag til dagsturar for både MC og bil.