Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Kviknes Hotel - Gjestfridom i fire generasjonar

Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Hotellet vart reist i sveitserstil, og har beholdt sitt særpreg sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei største turisthotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Hotellet ligg idyllisk til ved Sognefjorden i nasjonalromantiske omgjevnadar. Lista over prominente gjester ved Kviknes Hotell er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. I tillegg er kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land å finne på gjestelista.

Pusterom

Ta deg eit lite pusterom ved å rusle gjennom salongane og nyte godt av alt den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Nyt naturen, fjella og Sognefjorden frå ein godstol i hotellhagen. Eller du kan gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år.

Den spesielle atmosfæren på Kviknes Hotel i Balestrand får du med på kjøpet!

Bli betre kjent med Kviknes Hotel. Sjå fotogalleri:

Kviknes hotel - eventyrslottet ved Sognefjorden

Kviknes hotel er familieigd hotel. Her er 3.,4. og 5. generasjon.

Stemninga ved Sognefjorden får du med på kjøpet.

Utsikt mot Esebotnen og fjord, fjell.

"Nyebygget" frå 1973. Bygd i ein arkitektur typisk for den tida.

På balkongen ein sommarkveld...

Kunsten og Høyvik-salen er ein viktig del av opphaldet ved Kviknes.

Balestrand - eit perfekt utgangspunkt for opplevingar som dette.

Komfortable rom i det historiske bygget og i nyebygget.

Eit godt valg til større selskap.

Topp moderne kurs & konferanseavdeling bygd i 2007.

Balestrand - kunstbygda med den spennande historia.

Familien Kvikne har samla kunst i fire generasjonar

Det er noko med lyset - Sognefjorden

Kviknes Hotel har fokus på gode matopplevingar.

Innhaldsrik vinkjellar.