Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Møte, kurs eller konferanse i historiske omgjevnader

Synest du at hotella lett kan bli litt like? Kvifor ikkje satse på ei hotelloppleving som er litt annleis - og så la reisa til Kviknes Hotel og Balestrand bli ein del av opplevinga?

Frå f.eks Bergen kjem du lettast til Balestrand med hurtigbåt eller med buss/bil via Voss og Vikafjellet. Legg inn ein liten stopp på Voss, og ei reise på 3,5 timar blir ein viktig del av opplevinga med konferansen. Du kan også fly til Sogndal eller Førde med Widerøe.

Kviknesalen vart bygd i 2007 og inneheld det siste av teknisk utstyr. Moderne fasilitetar kombinert med vår historie heilt tilbake til 1877, er saman med mat, rikhaldig vinkjellar og eit stort utval kursaktivitetar, dei beste grunnane til at du bør tenkje annleis.

Ynskjer du tilbod frå oss, eller har spørsmål kring møtekapasitet eller lokalitetane, ring gjerne Kjetil eller Mariann på tlf. 57 69 42 70, eller e-post kurs@kviknes.no